Norske plommer haustklare

Plommer Er du klar for plommesesongen?  Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Nye, norske plommer er på veg til butikkhyllene. Mandelpotetene er også rett rundt hjørnet, melder Landbruksdirektoratet.

Dei første norske plommene er klare til å haustast og er snart i butikkane. Dei første sortane er opal og edda.

Tidlegeple er også straks hausteklare, og det er sorten geneva early som er først ute.

Jordbær- og bringebærsesongen er på hell, men det er mogleg å finna både jordbær og bringebær ein god stund framover i avgrensa mengder, fortel Landbruksdirektoratet.

Nye mandelpoteter er klare til å haustast, og desse finn ein sannsynlegvis i butikkane neste veke.

(©NPK)