Vil ha betre lokal turplakat

Opnar vegen til Dregetua

Sommaren til Marit Heltne har mellom anna gått med til å rydde veg til Dregetua. No ønsker ho betre vegvisar for turistane.

Turen starter rett ved parkeringsplassen, og er godt merka med Stikk ut-skiltet. Følg denne merkinga undervegs. 

Utbetring av tursti Det er gjort ei godt arbeid for å gjere stien til Dregetua meir tilgjengeleg.   Foto: Privat

Tungt Mykje material må fraktast opp i terrenget for å legge til rette for alle som ønsker å gå til Dregetua.  Foto: Privat

Nyhende

– Det er så mange turmoglegheiter ved Dregetua, at folk treng skikkeleg informasjon, seier Marit Heltne til Sunnmøringen. Trafikken er ikkje blitt mindre etter at Fjord Trail Race nyttar han som løpstrasé. Difor må stien dimensjonerast deretter.

Frivillig arbeid

Ho har tatt på seg eit spesielt ansvar for å halde stien til Dregetua open. Takka vere god hjelp av mannen hennar Ivar Hole og ein nabo, har ein fått opp mang ei tung bør.

– Sparebanken Møre har bidrege med midlar til dette arbeidet. Vi har mellom anna laga plankestigar som skal gjere det enklare å kome over våte parti, fortel Marit Heltne.


Stikk ut 2017

Dregetua

Dregetua i Stranda tettstad er ein blå tur - og det fekk eg etterkvart merke ganske godt. Eg ga meg i kast med denne turen i byrjinga av mai, noko som ikkje var heilt lurt....


Enklare å finne fram

Men ho skulle gjerne sett at det var enklare for brukarane å orientere seg i området. Som kjent er det laga eit populært turkart for heile Stranda kommune. Den initiativrike turgåaren meiner det burde vere mogleg å forstørre opp den delen som gjeld Dregetua i ein plakat på 60x100 cm i plexiglas. Han kunne vere plassert på stativ ved parkeringsplassen på saga ved Kjølås-Skaugum.

Mykje nytta område

– Turområdet er svært mykje nytta, og etter at det blei Stikk Ut-mål kjem mange som ikkje er så kjende i området. Det hadde vore kjekt å vise fram alle moglegheitene og synleggjere rundturane som er moglege her, skriv Marit Heltne i ein e-post til Stranda kommune. Det er kommunen som no disponere over det store turkartet over kommunen.


Stranda er med for første gong i år:

Ny Stikk Ut-rekord på Sunnmøre


– Eg håper at Stranda kommune kan bidra slik at vi får realisert dette, seier Heltne.

Merkte vegar

Ho er også oppteken av korleis framande turgåarar skal finne fram til parkeringsplassen. Vegen er ikkje skikkeleg merkt.

– Google Map har feil namn på vegar. Det burde ha vore skilt som syner veg frå hovudvegen, seier ho og håper enda fleire nyttar turstien når han blir enda betre tilrettelagd.