Geiranger Sjokolade utvider

Har kjøpt svensk sjokoladefabrikk

Bengt Dahlberg og Geiranger sjokolade har fått auka kapasitet etter at ein denne månaden kjøpte «Gefle Chocolaterie» i Sverige.

Utvida kapasitet –Geiranger vil framleis vere viktigaste utsalsstads for Geirangere Sjokolade. Bengt Dahlberg og Elisabeth Bjørstad i Geiranger sjokolade kan selje enda meir sjokolade av den spesielle Geiranger-kvaliteten. Bengt ønsker også å leige meir uteplass av Stranda kommune for å gje kundar moglegheit til prøvesmaking og nyte kaffi med sjokolade eller softis.   Foto: Arkivfoto: Anniken Westad

Nyhende

– Eg kunne ikkje la denne anledninga gå frå meg. Dette chocolateriet har lenge vore eit førebilete og ein inspirasjon for meg. At eg fekk høve til å kjøpe det var ei stor ære, seier Dahlberg til Sunnmøringen.