Områderegulering til departementet

Omfattande plan om Geiranger

Planen for områderegulering for Geiranger blir truleg ein av dei mest omfattande som departementet har tatt stilling til.

Plan Stranda kommune argumenterer i den nye planen for områderegulering i Geiranger sterkt for at turistbygda må få vere eit levande heilårs bygdesamfunn.   Foto: Arkivfoto: Svein Lunde

Det er av stor samfunnsmessig betydning å kunne legge til rette for at cruiseskip skal kunne legge til kai i Geiranger. – Det er av stor samfunnsmessig betydning å kunne legge til rette for at cruiseskip skal kunne legge til kai i Geiranger.

Nyhende

Kommunestyret i Stranda vedtok i juni planen, men det ligg føre sju motsegner til planen både frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NVE og fylkeskommunen. Motsegnene gjeld i hovudsak naturvern og naturfare, og departementet må ta endeleg avgjerd i saka.