Jakt

Rypa kan bli freda

Miljøstyresmaktene vurderer om dei skal setja i verk dramatiske tiltak for å få opp att talet på ryper.

Ryper Talat på ryper må opp. Difor må jakta i heile landet stoppast, meiner Norsk Ornitologisk Forening.   Foto: Jan Frode Haugseth

Nyhende

– Situasjonen er alarmerande. Eg synst dei som bestemmer, bør stansa jakta, seier biologiprofessor Rolf Anker Ims ved Universitetet i Tromsø (UiT) til Klassekampen.

Ims har dei siste åra registrert færre ryper og aldri så få som no. Rypa er på lista over trua artar i Artsdatabanken. Trass mykje forsking forstår ein ikkje rypedynamikken godt nok, meiner biologiprofessoren.

Får støtte

Eit jaktforbod får støtte frå Norsk Ornitologisk Forening (NOF), sjølv om det i nokre område er meir rype.

– Bestanden har gått ned jamt dei siste 30 åra. To tredeler av rypa er borte, samanlikna med normalår på 1970-talet, seier rådgjevar Martin Eggen i NOF til avisa. Han meiner eit forbod må gjelda i heile landet for å unngå stort jaktpress i nokre område.

Skal teljast

I august skal rypebestanden teljast av Miljødirektoratet. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier departementet følgjer med.

– Omsynet til rypebestanden veg tungt. Me må tenkja langsiktig, slik at dei neste generasjonane har rypa som ein naturleg del av norsk natur, seier Elvestuen.