Færre ledige i Stranda

Arbeidsløysa i Stranda er på berre 1,5 prosent.
Nyhende

Det er to færre enn på  same tid i fjor, men ni fleire enn førre månad. Totalt har 39 personar i Stranda meldt seg arbeidsledig, 18 menn og 21 kvinner. I nabokommunen Sykkylven er det heile 17 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor. 71 personar er utan arbeid, og det gir ein arbeidsløyseprosent på 1,7 prosent.

Lågast i Norddal

I Stordal er ei arbeidsløyse på 3,1 prosent og i Norddal 0,6 prosent. Det er den lågaste arbeidsløysa i Møre og Romsdal.

– Arbeidsløysa stig vanlegvis frå juni til juli, det ser vi også i år både i fylket og for landet. I år er auka større enn vanlig frå juni til juli på grunn av to forhold som ikkje har noko med arbeidsmarknaden å gjera. Det eine er at det er 5 veker sidan tala for juni kom, i fjor og forfjor var det 4 veker. Den andre ar at dei arbeidslause denne månaden har fått ei påminning på SMS om å huske å sende inn meldekort, og dermed oppretthalde statusen som arbeidslaus. Når vi tek omsyn til dette er auka omtrent som forventa og tilseier ikkje noko forverring i arbeidsmarknaden, seier fungerande fylkesdirektør Hege Beate Skjølberg.

Sesongsvingningar

– Samstundes som det på grunn av sesongsvingningar blir fleire arbeidslause i juli har ikkje NAV fått fleire arbeidssøkjarar totalt. Den siste månaden har det blitt 376 færre blant dei som er delvis arbeidslause og 297 færre arbeidssøkjarar på tiltak. Det vil seie at summen av heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på arbeidsmarknadstiltak er blitt redusert med 136 den siste månaden, seier Skjølberg.