Sykkylven:

Moderate skader

Ein person måtte frigjerast etter eit bilvelt på Ikornnes i føremiddag.
Nyhende

Politiet melde på Twitter at eit einslig køyretøy ved 11.52-tida låg på taket i grøfta på Fv 71 ved Ikornnes. Ein person var fastklemd, og naudetatane var på veg til staden.

Ved 13-tida fortel politiet til Sunnmøringen at personen er tatt laus og blir floge til sjukehus med moderate skader.