Råsprosjekt

Nymerkt rute til Timbjørgane

Som ein del av kart- og råsprosjektet i Stranda kommune er råsa til fjellgarden Timbjørgane no merka oppatt.

Rås Timbjørgane   Foto: Helge Opsvik (arkiv)

Rås GPS-spor gått opp av Lars Hallvard Helsem.  Foto: Frå Facebook-innlegg til Lars Hallvard Helsem,

Nyhende

Det melder Lars Hallvard Helsem på facebooksida  "Kva skjer på Stranda".

Han fortel at ruta har start frå Herdalen ( same start som Postvegen ) .

To timar kvar veg

- Ved Fremste Herdalsvatnet tar ein til venstre opp gjennom fjellsida i oppmerka rås . Dette er same råsa som skal brukast mandag- laurdag for den som vil gå Postvegen medan anleggsarbeidet i Ljøbrekka foregår. Oppe på heia er det merkt vidare mot Timbjørgane. Ruta er totalt 4,2 km og det tar ca 2 timar kvar veg fortel Helsem.

Mange har nok snudd høgare oppe ved dei første murane ein møter på ruta, "Heiefjøsen" ( ca 700 moh) fordi ein hjar truddi  at dei har kome fram til Timbjørgane, men ein skal gå eit godt stykke nedover gjennom skogen mot fjorden til ca 530 moh før ein er framme.

Frå 1600-talet

-Dei første husmurane ein kjem til på Timbjørgane ligg nord for Timbjørgnuten og stammar frå siste busetnad på1800-talet. Går ein vidare rundt nuta og sørover ca 350meter, kjem ein til restane av dei eldste murane frå 1600-talet og det som var innmarka på garden, forklarar Helsem, som har gått opp løypa med GPS.

- Her er det fin utsikt mot fjorden. I området rundt Timbjørgane heldt Sunnmøres største bjørnestamme til i gamle dagar. Folketpå Timbjørgane var mykje plaga av bjørn, og det er fleire interessante historier der dette er tema, held Helsem fram.

Bjørnebesøk

- Ei av historiene hende ein julaftan. Ein bjørn fekk ferten av julematen som stod å breste . Bjørnen kom ut av hiet og ville ta julematen frå folket.Først prøvde bjørnen å slå inn utdøra utan å lykkast.Til slutt klatra han opp på hustaket og stakk haudet ned gjennom ljoren (røykåpning i taket på hus i gamle dagar ) i eit siste desperat forsøk på å få fatt i godsakene. Til slutt fikk hunden som gøydde og kona på garden som kasta ild og glør etter bjørnen, jaga han vekk, skriv Lars Hallvard Helsem på facebook-sida til "Kva skjer på Stranda"