Gult farenivå

Store endringar i Veslemannen

På bakgrunn av auke i bevegelsane og stor sensitivitet for regn hever NVE farenivået til gult for fjellpartiet Veslemannen i Romsdalen.

Mannen.   Foto: Tore Bergeng/NVE

Nyhende

Det  skriv NVE på sine nettsider.

Veslemannen er et relativt lite, men svært aktivt parti av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Dei årlege bevegelsane i Mannen (utanfor Veslemannen) utgjer nokre få cm i året, mens den mest aktive delen av Veslemannen har hittil i 2018 skuva på seg rundt 100 cm sidan snøsmeltinga. Veslemannen har et volum på 120 000 – 180 000 m³, dette utgjer omkring éin prosent av det totale volumet av Mannen, heiter det på nettsidene til NVE.


NVE kuttar vasstilførselen til Veslemannen

NVE prøvde i fjor haust å pøse på med vatn til fjellet Mannen i Rauma i håp om å utløyse eit ras, men det gir dei no opp.


Reagerer hurtig

Fjellpartiet reagerer hurtig med auke i bevegelse ved mykje nedbør og snøsmelting. I sommar har reaksjonen på nedbør komme tidlegare enn tidlegare år, då fjellet har reagert mest på hausten. Årsaka er høgare temperaturar og mindre frost i fjellet enn normalt. Samt at fjellpartiet er svært ustabilt med tanke på dei store bevegelsane tidlegare år, og er dermed meir sensitiv for nedbør.


Dei evakuerte ved Mannen får flytte heim

NVE har gitt opp å få løyst ut eit ras frå Mannen for denne gongen. Farenivået blir senka, og bebuarane under fjellet får flytte heim.


Meir nedbør

Sist fredag ettermiddag og fram til laurdag morgon kom det meir nedbør enn forventa (totalt 21 mm). Bevegelsane i øvre del av fjellpartiet har auka mykje, og er nå om lag 4 cm per døgn. Bevegelsane i nedre del har auka til 2 mm per døgn. Nedbøren har minka, men det er forventa bygevær ut søndag 5. august. Prognosane for nedbør i langtidsperioden er usikker, men fare for mykje nedbør frå og med onsdag morgon. 

Strekkstaga i Mannen har roke

Alle dei tre strekkstaga som måler bevegelse i fjellet Mannen har ramla ut som følgje av store bevegelsar. NVE følgjer framleis bevegelsane med radar.


På bakgrunn av de store bevegelsar og stor sensitivitet for regn varslar NVE nå gult farenivå for Veslemannen.