Svingen Eigedom

Vil bygge på taket

Svingen Eigedom vil bygge ti leilegheiter på taket av eksisterande bygningsmasse.

Sentralt Svingen Eigedom (midt i biletet) ligg sentralt til i Stranda.   Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Selskapet har eit eldre bygg med tidlegare daglegvarebutikk i 2. etasje med tilkomst frå Ringstadvegen. I 1. etasje er eit lager under gamlebygget med redusert takhøgd. I fortsettelsen av lageret er det bygd til eit nybygg for daglegvarebutikk medan gamlebygget er lokale for tenesteytande næringar med frisør og velværetilbod, går det fram av planomtalen, som er utarbeidd av Emdal Arkitekter / Ous & Emdal Bygg AS.