Etter oreigningsvedtak

Krev halv mill. kroner av kommunen

Stranda kommune har fått krav om å betale nærare ein halv million kroner i samband med ei oreigningssak på Strandafjellet.

Hevsdalen Grunnegarar sender rekninga for kostnader dei ha hatt i samband med arbeidet for å få kjent Stranda kommune sitt vedtak om oreigning av grunn for å få til ei kryssløysing i Hevsdalen ugyldig. Fv60 og dagens omstridde kryss til venstre i biletet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det er advokatfirmaet Opshaug DA som på vegner av klientar har kome med kravet på til saman 498.645 kroner, inkludert moms. Dette er utgifter som klientane har hatt til advokathjelp etter at kommunestyret i Stranda oreigna eigedom i samband med ei ny kryssløysing på Fv60 i Hevsdalen. Utgiftene gjeld også prosessen dei har hatt mot tilkomst av den regulerte Lien Hyttegrend, ein tilkomst fylkesmannen tidelgare har kjent ugyldig. Denne tilkomsten skulle etter kommunen sine planar ende i det nye krysset i Hevsdalen.