Utsleppsfritt i 2026?

– Ingen er i nærleiken av å kome seg inn og ut fjordane på batteri i dag

Jan Ivar Maråk kjenner cruisenæringa frå innsida. – At skip går på gass, er det neste steget, seier han.

CRUISE Jan Ivar Maråk er nestleiar i næringslivet sitt NOx-fond (som gir støtte til reduksjon av lokalforureining frå næringsliv), involvert i suvenirsal i Ålesund og Geiranger, og arbeider dessutan med miljøspørsmål i havfiskeflåten sin organisasjon Fiskebåt.   Foto: MARIUS SIMENSEN, Sunnmørsposten

Nyhende

(Sunnmørsposten) – Det absurde er jo at det skjer mykje positivt når det gjeld å få bukt med lokalforureining frå skip – men stortingsvedtaket sosar saman klimagassen CO2 med røykgassane svovel og NOx, seier Jan Ivar Maråk