Store investeringar

Vil ikkje støtte Galvano

Verksemda Galvano investerer 12,5 millionar kroner for utvikling av verksemda, men rådmannen vil ikkje leggje til rette for elektrisk infrastruktur.

Investering Galvano på Stranda har 16 tilsette og søker stadig etter nye arbeidarar. No byggjer verksemda ut med 12,5 mill. kronmer og inviterer kommunen til å ta rekninga for elektrisk infrastruktur.  Foto: Arkiv

– Rådmannen finn det ikkje korrekt å gi økonomisk støtte til eit så solid selskap som i tillegg, over dei siste fem åra, har betalt ut nesten sju gonger det aktuelle beløpet i utbytte til selskapet sine eigarar.

Rådmannen i Stranda
Nyhende

I samband med den store utvidinga av verksemda har det vore trong for ein større transformator på utsida av fabrikken. Kostnadene ved trafokiosk og transformator er på vel 492.000 kroner, som verksemda ønsker at kommunen skal betale. Stranda Energi ser det ikkje som si oppgåve å investere i dette, og no avviser også rådmannen i Stranda at kommunen kan bidrage.

"Solid selskap"

– Rådmannen finn det ikkje korrekt å gi økonomisk støtte til eit så solid selskap som i tillegg, over dei siste fem åra, har betalt ut nesten sju gonger det aktuelle beløpet i utbytte til selskapet sine eigarar, skriv rådmannen mellom anna i si innstilling til formannskapet. Politikarane møtast etter ferien komande måndag og då skal dei drøfte saka.