Notat til formannskapet

Beklager etter reaksjonar

I eit notat til formannskapet som vart sendt ut fredag ettermiddag, ber sakshandsamar om orsaking for "uheldige formuleringar".

Arkivfoto  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

I førekant av handsaminga av Galvano sin søknad om støtte frå Stranda kommune til bygging av elektrisk infrastruktur, har det kome reaksjonar frå eigarane på saksutgreiinga.

Sakshandsamar, Ståle Anker Ljøen, skriv at han etter samtale med eigarane i bedrifta ser at formuleringane er uheldige og ikkje burde ha vore tatt med i saka.