Ungdomsbedrift frå Stranda i ny lærarbok

Blir pensum

Ungdomsbedrifta Zup UB frå Stranda er trekt fram som døme på innovasjon i ei ny lærebok om entreprenørfag.

Innovasjon: Fruktsmoothien til Zup UB blir no pensum.ARKIV 

Nyhende

Fruktsmoothien basert på lokale Valldalsbær blir dermed ein del av pensum for entrepenørskapselevar i heile Noreg.

– Kjempestas

– Dette er kjempestas, både for elevane og for Stranda vidaregåande skule, seier entrepenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde til Sunnmøringen.