Friluftslivsveka

Friluftslivsfest over heile landet

Under Friluftslivsveka 1. til 9. september blir det friluftslivsfest i heile Noreg, med rekordmange arrangement frå nord til sør.
Nyhende

I vårt område byr Verdsarvstiftinga på friluftscamp for 4. til 8. klasse.

– Målet med veka er å få flest mogleg ut i naturen, og det er tydeleg at dette er ei feiring det norske folk set pris på. Friluftslivsveka er også eit flott høve til å oppdage nye turmoglegheiter i nærområdet sitt, og lære meir om kva dei lokale laga og foreiningane har å tilby av aktivitetar, seier generalsekretæren i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal.