– Vi har framleis ledig kapasitet på torgplass, så her er det berre å ta kontakt med oss, seier Hege Kleppen og Donka Uzunova-Petkova i Stranda sentrumsforeining.
Sløgstaddagane går føre seg frå 31. august til 2. september. – Her må lokale bedrifter og lag/organisasjonar kjenne si gjestingstid og nytte høvet til å profilere seg. Torgplass under Sløgstaddagane er gratis, seier Kleppe.
Startar fredag
Fredag brakar det laust, med bingo i kulturhuset.
– Det er premiere på «Skjelvet»-filmen fredag (oppfølgaren til «Bølgen» red. anm), så vi har fått ein avtale om at bingoen startar rett etter filmen. Vi har eit veldig kjekt samarbeid med Drege og kulturhuset, med fleire arrangement, seier Kleppe.
Art Studio Arknod i Bankgata har ope hus laurdag.
– Då blir det utstilling med arbeider frå samarbeidet med Byrg kompetanse, seier Donka Uzunova-Petkova.
Laurdag er den store torgdagen, men òg mykje aktivitet for unge strandarar.
– Det blir trylleshow i kulturhuset, og vi har fått fatt i klovnen Kathrine som kjem heilt frå Oslo for å gjøgle og knytte ballongdyr. Det blir òg ansiktsmåling. Hoppeslott kjem i hotellhagen, seier Kleppe.
Utrykkingsetatane stiller sin vane tru villige opp, denne gongen ved Pihlgården.
– På Fløten er vi i sluttfasen med å sette opp gapahuken, så vi satsar på at den er ferdig til Sløgstaddagane, seier ho.
God, gamal tradisjon
Kronen på verket kva gjeld Sløgstaddagane, er å hente fram ein kjent og kjær tradisjon for strandarar som hugsar tilbake til 90-talet – altså vi som har levd ein stund.
– Det er mange år sidan sist det var olabilløp i Stranda, men no tek vi opp tradisjonen. Så langt har vi tre påmelde bilar, vi treng minimum fem. Det er enno tid, så eg oppmodar alle om å hive seg med. Det er ikkje noko aldersgrense, og det blir fine premiar, lokkar Kleppe.
Løypa blir frå gamle Strakofa (ved Rema) ned til Kiwi, så her er det råd å få ganske god fart – og etterfølgande heider og ære.