Kommunestyremøte onsdag

Får ny oreigningssak til handsaming

Rådmannen tilrår å gjere vedtak om oreigning på Fursetreset i samband med nytt kryss og bru på FV60 i Hevsdalen.

FYLKESVEGEN: Rådmannen tilrår at kommunestyret gjer vedtak om oreigning på Furset-sida i Hevsdalen for å få på plass nytt kryss/bru på FV 60.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Før sommaren vart det klart at Fylkesmannen oppheva kommunestyret sitt tidlegare vedtak om oreigning i saka.

Nytt kryss og bru på FV60 i Hevsdalen er ei forutsetting for å kunne bygge ut ytterlegare hyttefelt på fjellet. Vegvesenet fryktar for trafikksikkerheita i området, og har sett rekkefølgekrav om at nytt kryss må vere på plass før ein kan bygge ut ytterlegare i området. Dette har mellom anna fått konsekvensar for UH5-feltet.