Sykkylven og kommunereforma

Fleirtal for å sjå mot Stranda

Atten representantar i Sykkylven kommunestyret stemte for å innleie samtalar med Stranda.

Atten av 29 representantar i Sykkylven kommunestyre gjekk inn for å innleie samtalar med Stranda med mål om framtidig samanslåing til ein kommune. 

Nyhende

Saka kom opp i kommunestyret som ei følge av at Nye Ålesund har sett frist til 1. september for kommunar som ønsker å vere ein del av stor-kommunen frå 1. januar 2020.

Formannskapet drøfta

Formannskapet drøfta førre veka saka, etter ei saksutgreiing frå rådmannen som ikkje ga tilråding til vedtak. Både Ålesund, Stranda og å stå åleine som kommune framover vart lagt fram som alternativ i saksutgreiinga.