Ulovleg parkering i Sykkylven

Politiet har bøtelagd fleire

Sykkylven Legesenter: Politiet går ut og ber om at ein følger skilting når ein parkering ved Sykkylven legesenter. Fleire bilistar har fått bøter.  Foto: Arkivfoto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Politiet oppmodar publikum på å vere observante i samband med parkering ved Sykkylven legesenter, slik at parkerte bilar ikkje blokkerer for ambulansen.

Fleire bilistar har i dag fått parkeringsgebyr etter å ha parkert der det står skilta med parkering forbode.

- Dette er eit gjentakande problem, og vi ber publikum vere obs på dette då bilar kan blokkere for ambulansen, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.