Ikea legg ned tre servicesenter i Noreg

Ikea i Noreg skal kutte 10 prosent av kostnadene og legg ned servicesentera i Tromsø, i Ålesund og på Skøyen i Oslo.

Ikea legg ned servicesentret i Ålesund.   Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nyhende

– Etter ei grundig evaluering er konklusjonen at dette konseptet ikkje har fungert etter intensjonen. Service og pick-up-pointa i Noreg har heller ikkje vore lønnsemd. Vi vil derfor i 2018 stengje dei tre vi har i Noreg, for å kunne fokusere på andre løysingar i møte med kunden, seier Ikeas noregssjef Clare Rodgers i ei pressemelding.

Dei 50 tilsette som blir berørt av nedlegginga, får tilbod om jobb andre stader i Ikea-systemet.

På Ikeas servicesenter har det vore mogleg å sjå produkta og bestille for eksempel kjøkken, men kundane har ikkje kunne ta med seg varene heim som i tradisjonelle butikkar.

Nye planar

I tillegg til ein kostnadskutt på 10 prosent har selskapet blant anna eit mål om kortare leveringstid.

– Som eit ledd i vårt arbeid for å korte ned leveringstida har vi sett fullt trykk på Oslo, med ambisjon om å nå heile landet på sikt. Frå 1. september skal vi ha redusert leveringstida til fem dagar, med ambisjon om tre dagar i Oslo-regionen, seier Rodgers.

Det skal dermed etablerast eit sentrallager i Vestby i 2020, som vil betene Oslo og områda sør for Trondheim, og eitt på Leangen for områda nord for Trondheim.

Uvisse rundt nye varehus

Planane for nye Ikea-varehus i Ålesund, Vestfold, Tromsø og Vestby har i fleire år venta på eii endeleg investeringsvedtak. No blir det varsla det ein ny full gjennomgang, og ein konklusjon er venta i året.

Ikeas lønnsemd i Noreg har utvikla seg negativt dei siste åra. Selskapet som drifter butikkane, gjekk med nærmare 100 millionar kroner i underskot i førre rekneskapsår. Konsernet bokførte likevel eit betydeleg overskot innan eigedomsdrift, noko som gjorde at Ikea samla sett gjekk med overskot.