Filmmelding

Frå "Bølgen" til "Skjelvet"

"Skjelvet" har premiere i dag fredag, her frå den innleiande filminga i Geiranger i fjor. Frå venstre: Jonas Hoff Oftebro, Kristoffer Joner, produsent Martin Sundland, regissør John Andreas Andersen. Foran: Edith Haagenrud-Sande.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Eg har sett "Bølgen" fire gonger. Korkje filmen eller mitt humør som ei følge av filmen blir noko som helst betre di fleire gonger eg ser han.

For: Kristoffer Joner køyrer framleis gjennom Norangsdalen når han skal vere i Geiranger, godt dokumentert med bilete av nærbutikken på Urke, og han overlever drukning utan hjerneskade sjølv fleire minutt utan oksygen og hjarterytme. Alt er mogleg på film.

Mi uvilje mot "Bølgen" kan òg ha med å gjere at fjorden som i filmen skyller inn over Geiranger, minst fem dagar i veka skvulper rett under føtene mine når eg sit på kontoret  - ein god del nærare enn oppskyllingshøgda på sju meter.

Oslo er hovudarenaen denne gongen. Og Oslo er sju timar med bil unna Stranda. Då blir ein straks meir vennlegstilt...

Over til Oslo

"Skjelvet" er ei fortsetting av hendingane i Geiranger. Spol tre år fram i tid. Geiranger har på eit vis bygd seg opp igjen etter at Åkerneset fall, og nemnte Joner bur åleine i Geiranger med mildt sagt blanda resultat.

Hylla som ein folkehelt etter katastrofen, men med alvorlege traumer. Traumene viser seg på ulikt vis, og det er fascinerande kor nært Joner klarer å gjere det. Spesielt i sin samhandling med familien, både dottera Julie (Edith Haagenrud-Sande) og ektefellen Idun (Ane Dahl Torp), viser dette seg i all si undertrykte velde.

Joner og Torp fungerte saman i "Bølgen" - eg syns dei fungerer endå betre saman i "Skjelvet", nettopp grunna dette usagte som ligg rett under overflata.

Det skal snart vise seg at det ikkje berre er traumer som ligg under overflata.

Joner er framleis geolog, og denne gongen får han urovekkande nyhende frå Oslo når ein tidlegare kollega sender han informasjon i posten. Eit jordskjelv råka Oslo i 1904. Kan noko slikt skje igjen?

Joner tek saka, og kjem seg ut av sitt eremitt-tilvære i Geiranger for å undersøke om det kan vere fare på ferde i Oslo.

Noko det sjølvsagt er, og som Joner iherdig prøver å åtvare om. Høyrt det før? Ja. Ingen trur på han denne gongen heller. Sjølv ikkje når to døyr i Oslofjordtunellen og operaen bokstavleg talt skjelv i grunnmuren.

Frå vondt til verre

For det blir verre. Så mykje, mykje verre. Utan at eg her skal røpe for mykje av handlinga, så får Joner og co. køyrt seg - og om det gjorde inntrykk at ei flodbølge skylte inn over Geiranger i førre film, så gjer ikkje katastrofescenene i denne filmen noko mindre inntrykk.

Scena der Julie ser mot Ekebergåsen direkte mot bomba som er i ferd med å detonere - i overført tyding - den er verkeleg urovekkande.

Å sjå Oslo på denne måten, med den sakte oppbygginga opp mot crescendoet, det gjorde stort inntrykk. Katastrofefilm er ikkje min sjanger - men det er berre å late seg bli imponert over desse scenene først som sist.

For dette er godt handverk. Filmmessig, skuespillermessig, musikkmessig - og om nokon tvilte på om vi er i stand til å lage katastrofefilmar i Noreg, så er det ingen som kjem til å tvile på det etter denne filmen.

Eg er ikkje den store sentimentalisten, og enkelte av scenene er litt vel søtladne midt i alt kaoset - men scenene mellom Joner og Dahl Torp på veg ned frå Oslo Plaza, dei reiv i hjarterota.

Slutten på filmen, den var litt for brå for min smak - og den kunne gjerne ha vore litt meir samlande for dei lause trådane som hang igjen. Men skitt det same - eg reknar meg grundig underheldt, okke som.

Summa summarum: Filmen er verdt biletten, og meir til. Eg er meir glad i karakterer enn i terningkast, så min indre pedagog vurderer "Skjelvet" til å vere ein sterk femmar.

Vel blåst!