Har vore gift i 75 år

Atombryllaup for Amalie og Magnus

Då tenestejenta frå Midsund gjekk på land frå rutebåten i Geiranger, la ho spesielt merke til ein kjekk kar.

Atombryllaup Magnus (99) og Amalie (95) Bjørdal har vore gift i 75 år, og kunne i sommar markere atombryllaup. Båe er svært spreke etter alderen, men fordi Magnus måtte ta ein operasjon i sommar er det ikkje blitt noko feiring. Paret bur framleis i huset sitt i Barlia, og kvar dag tek dei ein rusletur i nærmiljøet. Men Magnus er lei seg for at han vart fråteken sertifikatet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

– Det var mange kjekke gutar på kaia, men ein var spesielt stram, smiler Amalie og ser bort på mannen Magnus. Då krigen tok til, vart dei eit par. 11. juli 1943 stod bryllaupet i Geiranger.