Har investert for 20 mill. kroner på sju år

Galvano størst i Norge på blankt stål

Galvano AS på Stranda har investert meir enn 20 millionar kroner dei siste sju åra. Verksemda er i sterk vekst.

Ny lakkavdeling Galvano AS i Stranda har investert ca. 12 mill. kroner i nytt lokale og epoxy lakkanlegg. 300 stolar blir lakkert kvar time. Frå venstre: Kevin Liset, Arkadiusz Malmon og Renate Remme  Foto: Johan Behrentz

Vi ønsker å ha kontroll over heile produktet

Terje Berge
Nyhende

– Sjølv om investeringane er heilt på grensa for kva mange vil meine er forsvarleg, har vi stor tru på framtida. Difor gjer vi dette, seier dagleg leiar Terje Berge til Sunnmøringen.