J16 Stranda/Synnylven

Jentene banka Sykkylven

Godt organiserte og med store vilje slo Stranda/Sunnylven laget frå grannekommunen måndagskvelden. Og på reaksjonane til jentene etter kampen kan ein slå fast: dette smaka betre enn julemiddagen!

Vinnarlaget: Bak frå venstre: Torgeir Braseth (trenar), Seva Ansok Farstad, Julia Adriana Rjånes, Ingvild Fauske Dalen, Thea Emilie Engeset, Catja Braseth, Paulina Hostacna, Ruda Ibrahim, Oda Vinje Lind, Guro Flydal Ringdal og Thomas Roset(trenar). Framme frå venstre: Sara Sæther, Tuva Espe Solheim, Ingrid Slettebak Urke og Ella Martine Sylte. Bertine Lade var reist til Ålesund då bildet var teke. Sunnmøringen kårar samtlige til banas beste spelar i kampen mot Sykkylven IL/FK Sykkylven!  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

Bortelaget stilte med spelarar som til dagleg spelar 3. divisjon kvinner. Dette hjelpte ikkje. Regn, vind, flaumlys og haustkamp gav heimelaget ekstra mykje energi. Det gjekk ikkje mange minutta før Catja Braseth sette ballen kontant i mål.