I dag øver naudetatane i Stranda sentrum

Utrykningspolitiet er organisert med eitt hovedkontor i Stavern og ni UP-distrikt fordelt over landet. Sunnmøre tilhøyrer UP-distrikt 7. Vedlagt ligg foto av distriktsleiar Per Einar Hollum i UP7 og nærbilder av ein av bilane til UP. UP-distrikt 7 dekker Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal politidistrikter.  Foto: Politiet

Nyhende

Naudetatane i Stranda vil denne veke ha øvingar i Stranda tettstad og Geiranger for å bu seg på å handtere alvorlege situasjonar.

Lokalt politi, brannvesen og ambulanse vil vere involvert i øvinga, fortel politioverbetjent Jon Tommy Flo ved Stranda politikontor.

Sunnmørsposten meldte denne veka at det blir storøving i Ålesund med naudetatane, for å øve på situasjonar der personar som opptrer trugande med våpen.

Øvingane i Stranda vil føregå frå klokka fem til ni på kvelden i kveld måndag, ved Stranda ungdomsskule.

I Sykkylven vil øvinga føregå på gamle Tandstad skule tysdag frå fem til ni på kvelden.

Måndag 17. september går øvinga føre seg i Geiranger, ved Geiranger skule, igjen frå klokka fem til ni om kvelden.

I samband med øvinga vil det vere ein del aktivitet i dei aktuelle områda, og det vil bli lyd frå utrykkingskøyretøy og kan bli høyrd smell frå øvingsvåpen. Dette er altså i samband med øving, ikkje ein reell situasjon.