Handballforum i Møre og Romsdal

Heiderspris til strandar

  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Handballforumet i Møre og Romsdal vart arrangert for 20. gong førre helg, og rundt 50 deltakarar frå 24 klubbar i fylket var samla til forum i Ålesund. I samband med forumet, vart ei rekkje prisar delt ut - deriblant heidersprisen.

Den vert ikkje delt ut årleg, men berre i "ekstraordinære høve" som det står i statuttane. Og heidersprisen, den gjekk til ein strandar: Petter Hjørungdal i Stranda IL handball.