Hamna i fyllearresten

Nyhende

Ein mann frå Ålesund fekk seg ein tur i fyllearresten i helga, melder Møre og Romsdal politidistrikt i ei Twittermelding.

Tildraginga skjedde natt til søndag, rundt klokka fire.

Ein mann frå Ålesund vart då henta av politiet og hamna bak lås og slå, etter å ha vore trugande og utagerande på ei privatadresse i Stranda.

Mannen blir meldt til politiet for forstyrring av ro og orden.