Åtvaring

Kan bli smitta av steingalskap

Opninga av Dale Gruvemuseum i Norddal vart akkurat slik initiativtakaren Hallvard Eide kunne håpe på. Fint vêr og mykje folk.
Nyhende

– Det har vore hektisk innspurt inntil det siste. Det er blitt lagt ned ein enorm dugnadsinnsats frå folk både i og utanfor bygda, seier Hallvard Eide nøgd.

Draumen hans om eit utstillingsvindauge for geologi har endeleg gått i oppfylling. Korkje han eller kona Sølvi har spart på entusiasmen for å få til dette utstillingsvindauget. Dei har også bidrege med ein god slump med pengar for å realisere prosjektet, som også er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sparebanken Møre og ein symbolsk sum frå Norddal kommune.


Vil skape geoturisme i gamal gruve i Dalsbygda

Finn gull og diamantar i sunnmørsfjell

Norddal kan bli senter for geoturisme når eit museum og opplevingar i ei ekte gruve kjem på plass i bygda.


Snorklipping

På Geologien s Dag sist laurdag vart det høgtidleg snorklipping framom den gamle gruva på Flaten i Dalsbygda. Staden som ein gong var samlingsstad for bygda sine ungdommar og der det seinare vart sprengt og prøvebora etter den etterspurde olivinsteinen, er omskapt til eit lite opplevingssenter med gruve, gullvasking, steinbrytar og smie for å nemne noko. Det er sett opp benkar og gapahuk for dei som gjestar museet. Elevar frå Eidsdal har allereie prøvd ut staden, og Frivillighetssentralen i Ørskog og andre har allereie meldt seg på «galskapen».



«Ubeskriveleg»

– Det er heilt fantastisk det Eide og andre har gjort her. Det er ubeskriveleg, seier Stein Ivar Krohn, som er ein av grunneigarane som har stilt området til disposisjon for gruvemuseet. Han er også banksjef i Norddal, og fekk æra av å klippe snora. Litt dugnad har han også vore med på då den gamle gruva skulle ryddast for lagra skrap.

No står fram ho som rein og tørr, men framleis skal ein trykke taket inst i gruva. Dessutan vil delar av den store steinsamlinga til Hallvard Eide bli plassert inne i ho.

– Dette museet vil saman med mellom anna Norddalstunet og Petrines Gjestiveri bidra til å skape meir liv og handel i bygda, meiner Krohn.

På eit gamalt «adgang forbudt»skilt ved gruveinngangen blir det åtvara mot sprenging. Det kunne like gjerne vore ei anna åtvaring: Jakta på edle metall og mineral sine løyndomar i sunnmørsfjella er smittefarleg.