Tove-Lise Torve (Ap)

Vil ikkje legge ned vidaregåande skular

– Skulestrukturen vil bli ein viktig del av programarbeidet for Arbeidarpartiet. Eg brenn for skulane i distriktet.

Skule: Gruppeleiar Tove-Lise Torve (th) i Møre og Romsdal Ap besøkte Stranda vg. skule tysdag. Her er ho i samtale med rektor Jon Hjortdal (midten) og Kjellmar Aure (tv) i Stranda Ap.  Foto: Johan Behrentz

Gruppeleiar: Tove-Lise Torve leiar programarbeidet i Møre og Romsdal Ap.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det seier gruppeleiaren for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal, Tove-Lise Torve til Sunnmøringen. Ho er også Aps kandidat til vervet som fylkesordførar etter at Jon Aasen ikkje stiller til val neste år. Tysdag besøkte ho Stranda for å oppdatere seg på viktige saker som beredskap og skule.

På programmet stod mellom anna eit besøk på Stranda vidaregåande skule, der ho fekk utfyllande informasjon av rektor Jon Hjortdal.

Skeptisk til nedlegging

– Eg er skeptisk til å leggje ned vidaregåande skular. Eg trur heller ikkje ein tener så mykje på det. Vel så viktig som elevgrunnlaget er at elevane har ein vidaregåande skule i nærleiken. Elevane må sleppe å reise langt. Så får vi heller sjå på om det er mogleg å samarbeide tettare mellom skular om til dømes administrasjon, seier Torve til Sunnmøringen.

Kandidat Tove-Lise Torve (Ap) vil bli fylkesordførar etter Jon Aasen.  Foto: Johan behrentz

Rektor Jon Hjortdal er glad for at Torve er så tydeleg på at ein vil behalde vidaregåande skular i distrikta.

Tar utfordringa

– Etter nokre år med skjerming av skulestrukturen, veit vi at temaet vil kome opp att. Eg meiner desentralisert skulestruktur er bra for elevane, for kommunane og for fylket, seier Hjortdal som har forståing for at fleire av byskulane nå treng ei ekstra opprusting.

– Eg tar gjerne utfordringa med på sjå på nye måtar vi kan organisere skulane på, seier Hjortdal.

Stranda vg. skule har in dag rundt 175 elevar, men på grunn av dårlege søkartal, er det i år ikkje tilbod i restaurant og matfag og teknikk og industriell produksjon.

Paradoks

– Det er eit paradoks at Stranda med sine 800 arbeidsplassar knytt til næringsmiddelindustrien, ikkje har fleire søkjarar til matfaget. Vi vil samarbeide tettare med næringa for å snu denne utviklinga, seier Jon Hjortdal.