Vedlikehald av ledningsnettet

Kan få misfarging på vatnet

Nyhende

Eininga næring og teknisk i Stranda kommune har lagt ut melding om at det frå fredag denne veka til fredag neste veke vil bli vedlikehaldsarbeid på ledningsnettet.

Vassabonnentar frå Storgjerde til Stranda sentrum kan i denne perioda oppleve at det er misfarging/trykktap på vatnet.

Vatnet vil bli klora i denne perioden og vil vere trygt å drikke, understrekar kommunen.