Sceneriggen ute på dato

Storfjord Kulturhus må ha ny scenerigg til 250.000 kroner neste år. Leverandøren garanterer ikkje lenger for tryggleiken.

Scenerigg: Mykje har skjedd på 20 år når det gjeld tryggleiken til sceneutstyr. Utan nytt utstyr vil Stranda ikkje oppleve slike konsertar. Det vil koste om lag 250.000 kroner. Arkivfoto  Foto: Privat

Nyhende

– Vinsjane er produsert i 1999 og vert 20 år i 2019. Ifølgje leverandøren har vinsjane ei levetid på 20 år. Dei skal då bytast, skriv dagleg leiar Sigurd Drege og styreleiar Arild Ringdal i eit brev til kommunen.

Det er nyleg gjort sakkunnig kontroll av sceneriggen, som er godkjent for eitt år. Neste år på denne tida må det nye utstyret vere på plass.