Storfjord Kulturhus

Skuffa over førehandssal

Inntil torsdag var det selt berre vel 30 billettar til førestillinga Lilly Valentin i Storfjord Kulturhus. Førestillinga har fått gode kritikkar andre stader.

Haustsesong Sigurd Drege og Knut Arne "Tonna" Humberset er lite nøgde med at det førebels er selt få billettar til førestellinga "Lilly Valentin" med Astrid Overaa i Storfjord Kulturhus komande laurdag 15. desember. Are Kalvø har allereie selt ut ei førestelling og er på god veg til å fylle opp den neste 20. oktober.  Foto: Johan Behrentz

Monolog Astrid Overaa har fått gode kritikkar med førestellinga "Lilly Valentin", men førehandssalet er dårleg på Stranda.  Foto: Teateret Vårt

Nyhende

– Eg er litt skuffa, men det er framleis nokre dagar til førestillinga i kulturhuset laurdag, seier leiaren for Storfjord Kulturhus, Sigurd Drege, til Sunnmøringen.

"Varm og inderleg"

Førestillinga med Teatret Vårt og Astrid Overaa handlar om den godt vaksne husmora som legg ut på ei ny reise i livet sitt, ei reise som går lenger enn den Hellas-ferien ho blir invitert med på av den feministiske venninna si. Da Lilly endeleg finn motet og drar til Hellas, ligg det berre att ein lapp til mannen Johannes på kjøkenbenken og 14 frosenmiddagar i frysaren.


Gode meldingar Førestillinga Lilly Valentin med Astrid Overaa har fått gode meldingar, men førebels har ikkje Stranda-publikumet oppdaga ho.Kreditering: Teateret Vårt


«Ei varm og inderleg forteljing som synest at det aldri, aldri er for seint å ta livet attende» skriv Klassekampen.

God vårsesong

Sigurd Drege vedgår at han undrar seg over at ikkje fleire nyttar høvet til å besøke Teatret Vårt når det er på Stranda. Etter ein svært god vårsesong, hadde han gjerne sett at fleire strandarar følgde opp ved sesongstart på kulturhuset i haust.

-Førestillinga var godt besøkt då ho blei sett opp her for 15 år sidan, og eg trur ho har like mykje å gje i dag, seier Drege.


Brev til rådmannen

Prekært for kulturhuset

I eit brev til rådmannen blir den økonomiske stoda for Storfjord kulturhus omtalt som "prekær".


-Er strandarar trege med å oppsøke kulturarrangement?

Lite grunnlag

-Nokre meiner det, men eg er usamd. Tvert om trur eg strandarar relativt sett er flinkare enn mange andre stader til å støtte opp om ulike typar kulturarrangement i kulturhuset. Problemet er berre at konkurransen er stor og grunnlaget er for lite. Vi er for få innbyggjararn i kommunen og nærområdet til å samle fulle hus til slike førestillingar, seier Drege.

Da ser han bort frå filmar og førfestellingar som har fått ekstra mykje publisitet. Filmen skjelvet som har si siste framsyning på Stranda i kveld, torsdag, og har hatt mellom 400 og 500 besøkjande. Den når likevel ikkje opp mot filmen «Bølgen». Den første førestillinga med Are Kalvøs «Hyttebok frå Helvete» 20. oktober er allereie utselt, og ekstraførestillinga er allereie på god veg til å bli fylt opp.


Femte til sjuande trinn ved Ringstad skule

Trampeklapp for framsyninga

Femte til sjuande trinn ved Ringstad skule fekk fullt fortent trampeklapp frå eit fullsett Storfjord kulturhus. Elevane sjarmerte alle - inklusive Sunnmøringen sin redaktør.


Breitt tilbod

-Strandaren Kalvø trekker alltid mykje folk, men det har sjølvsagt sine grunnar, seier Drege.

-Er kulturarrangementa på Storfjord Kulturhus for dyre?

-Tvert om har vi redusert prisen til mange av førestillingane i høve det dei kostar andre stader. Samstundes kostar det å få gode artistar hit. Eg vil likevel seie at vi har eit svært breitt tilbod i Stranda samanlikna med mange andre bygder og kommunar som har større folketal enn vårt, seier den daglege leiaren av Storfjord Kulturhus.