Sunnylvingar bidrar til danseglede

Film skal få fart på folkedansen

VAKKERT OG STORSLEGE: Mange av dansefilmane er tekne opp i vakker og storslegen natur. Her frå Hellesylt i Møre og Romsdal.   Foto: Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

VIKTIG KULTURARV: Dansefilmane er viktig både for å inspirera fleire til å dansa folkedans og for å ta vare på den immaterielle kulturarven som folkedansen representerer, meiner initiativtakaren Halldis Folkedal. Her frå opptak i Hellesylt i Møre og Romsdal.   Foto: Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

DANS OVERALT: I dansefilmane blir folkedansane vist fram overalt. Eit viktig mål er å gjera folkedansen til noko naturleg i kvardagen. Her frå Hellesylt i Møre og Romsdal.   Foto: Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Nyhende

Songleikar og andre typar folkedansar har djupe røter i norsk kultur, men fleire stader er det ikkje lenger så mange som kan læra bort dei tradisjonelle folkedansane. Håpet er at over 70 fengjande opplæringsfilmar på nettet skal retta på dette.