Kommunesamanslåing

- Stranda og Sykkylven kan bli kraftfull

Med eit samstemt syn på næringsutvikling kan Stranda og Sykkylven bli ein kraftfull randkommune til Nye Ålesund.

Konsulent Jan Petter Eide har lang erfaring som rådmann med tru på samarbeid mellom næringsliv og kommune. No deler han sine erfaringar, og det han delte vart godt motteke av politikarane i formannskapet i Stranda.   Foto: Johan Behrentz

– Arbeidsmarknaden må bli større og meir allsidig dersom kommunen framleis skal vere attraktiv.

Jan Petter Eide
Nyhende

Det er hovudkonklusjonen til Jan Petter Eide, som på oppdrag frå Stranda kommune har levert rapporten «Samfunn og næringsliv i eit kommunereformperspektiv».

– Det er næringslivet som driv eit samfunn meiner Eide sa vidare at ei god utvikling for Stranda skje i eit tillitsfullt samspel mellom industri og offentleg verksemd. Eide har lang røynsle som rådmann i mellom anna Haram kommune og har vore knytt til Ålesund Kunnskapspark.