Interpellasjon til kommunestyret

- Korleis behalde ungdommane i bygda?

Stranda Vidaregåande skule. arkivfoto  Foto: Hege Bjørkedal

Nyhende

Arild Ringdal, gruppeleiar i Stranda arbeidarparti, fremjar onsdag interpellasjon i kommunestyret.

- I nokre kommunar og skular vert det prøvd ut nye måtar å motivere og rekruttere unge til å velge ulike yrker som trengst i deira lokalsamfunn i åra som kjem, skriv Ringdal.

Han peiker på Vanylven arbeidarparti har foreslått å prøve ut gutar i åttande klassetrinn som leikeressurs i barnehagar i kommunen, med mål om å påverke karrierevalet til ungdommane i framtida og få dei til å utdanne seg til arbeidsplassar i heimbygda.

- Uansett kva veg vi går (i kommunereform-saka journ. anm) i, gode offentlege tenester ligg til grunn for trivsel og velferd. For at folk skal velge bygdene våre må dei offentlege tenestene vere gode. Stranda vidaregåande skule har hatt ulike yrkesretta linjer, men opplev no problem med søkjertala, poengterer Ringdal.

- Korleis kan Stranda kommune samhandle med næringsliv og skule for å påverke ungdommane til å velge yrkesretning som passar inn i våre lokalsamfunn, og der vi kan tilby noko å reise attende til etter endt utdanning, spør Ringdal i interpellasjonen.