Strandaøkonomi

Batt renta like før rentehevinga

Stranda kommune batt renta for eit lån på 120 millionar kroner like før Noregs Bank heva styringsrenta i dag.

Økonomisjef: Ståle Anker Ljøen er nøgd med at Stranda har unngått unødig store renteutgifter ved å halde låna på flytande rente. Noregs Bank heva styringsrenta for første gong på sju år.  Foto: Johan Behrentz

Stranda har hatt store fordelar med låg, flytande rente

Ståle Anker Ljøen
Nyhende

Lånet er tatt opp i Kommunalbanken, og fastrenteavtalen har ei rente på 2,6 prosent. I forhold til dagens flytande rente inneber den nye avtalen ein årleg auka kostnad på 1,2 millionar kroner.


Styringsrente

Torsdag heva Noregs Bank styringsrente med 0,25 prosent. Dette er berre første steg mot eit høgare rentenivå.


Forsikring

– Vi må sjå på dette som ei forsikring for framtidige rentehevingar. Fastrenteavtalen går over ti år, seier økonomisjef Ståle Anker Ljøen til Sunnmøringen.