Mannen

Førebur seg på raudt farenivå

NVE varslar oransje farenivå på fjellpartiet Mannen. Bakgrunnen er framleis store bevegelsar og vêrvarsel om mykje nedbør de neste dagane

Mannen Det er auke nadbør ved fjellpartiet Mannen.  Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Nyhende

– Bevegelsane i fjellpartiet er framleis store og fjellet reagerer med auka hastigheiter på små nedbørsmengder, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE.

Førebur seg på raudt faremnivå

Døgnhastighetene er no frå tre til seks cm i øvre del og litt under ein cm i nedre del. Nedbørsvarsla frå met.no indikerer noko nedbør i kveld, men store nedbørsmengder frå midt på dagen i morgon. Det vil truleg komme som regn i starten for deretter å gå over til snø. Dette held fram i hele langtidsperioden fram til fredag i neste veke. På bakgrunn av store bevegelsar og varsel om mykje nedbør aukar NVE farenivået til oransje farenivå. Oransje farenivå tyder auka overvaking og førebuingar til eventuelt raudt farenivå.

Aktivt parti

Veslemannen er et relativt lite, men svært aktivt parti av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. De årlege bevegelsane i Mannen (utanfor Veslemannen) utgjør nokre få cm i året, mens den mest aktive delen av Veslemannen har endra seg seg meir enn 2 meter det siste året og nedre delen 16 cm. Hastighetene i fjellet er nå om lag 5,5 cm/d i øvre del av fjellpartiet, og rundt 0,5 cm/d i nedre del av Veslemannen.


Veslemannen har et volum på 120 000 – 180 000 m³, det vil si rundt éin prosent av det totale volumet av Mannen.