Lokale krav om nasjonale reglar

Nyhende

Fylkespolitikarar, kommunepolitikarar og lokalt næringsliv fryktar tap og konkurransevriding som følgje av nye miljøkrav i verdsarvfjordane i vest.

Det kjem fram i ei rekkje høyringsinnspel til Sjøfartsdirektoratet. Frå 1. januar blir det innført nye, strengare reglar for utslepp til sjø og luft i Geirangerfjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.