Obs-varsel for Vestlandet

Gult varsel for flaum og jordskred

  Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Nyhende

Varsom.no har sett gult varsel på fare for flaum og jordskred for Vestlandet.

Vurderinga vart gjort måndag morgon.

Om flaum-varslet skriv Varsom.no:

- Det er venta mykje nedbør i varsel-området. Mest nedbør er venta natt til onsdag. Stigande temperaturar vil føre til snøsmelting. Mykje regn vil gje raskt stigande vassføring i elvar og bekkar. Det vert venta vassføringar på høgt gult nivå, står det i varselet.

Det vert tilrådd å rense dreneringsvegar og stikkrenner, og å halde seg unna elvar/bekkar med stor vassføring.

Faren auker tysdag kveld, og gjeld for Vestlandet, Trøndelag og Nordland.

Om jordskredvarslet, skriv varsam.no:

- Det vert venta 40 til 60 millimeter regn på seks timar frå tysdag kveld. Lokalt opp mot 100 milimeter på eit døger. Hovedtyngda av nedbøren vert venta mellom Boknafjorden og Sognefjorden. Grunnvasstanden og metninga av vatn i bakken er svært høg. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Faren er venta å minke i løpet av onsdagen. Varslet ligg i øvre del av gult nivå, skriv varsom.no.

Farevarslet for jordskred gjeld Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsda.