Verdsarvbygda og kulturlandskapet

Kan Geiranger hente inspirasjon frå Sveits?

Nyhende

Den 3. oktober blir det arrangert møte om vedlikehald av kulturlandskapet i verdsarvbygda.

- Støtteordningane for landbruket i verdsarvområda har no fått verke i ein del år, utviklinga i "vårt" verdsarvområde er trass i dette ikkje berre positiv. Det er svært lite att av husdyrhaldet i Geiranger, står det i pressemeldinga som Stranda kommune har sendt ut om møtet.