Populær gapahuk

Nærare 1200 personar har skrive seg inn i gjesteboka som er plassert i gapahuken på Litleskaffarhaugen.

Suksess: LHL sin gapahuk i Barlia har vore ein suksess.  Foto: Ragnvald Isehaug

Nyhende

– Gapahuken vart opna i september i fjor, men boka kom ikkje opp før i februar i år. Registreringa har gått føre seg dei siste sju månadene, og det syner at gapahuken er stor suksess, seier Olav Slettebak i Landslaget for hjarte- og lungesjuke (LHL) i Stranda til Sunnmøringen. Han er svært nøgd med talet på besøkande.

Gapahuken er reist av LHL og ligg midt i trimløypa i Barlia. Forutan trimmarar har gapahuken hatt besøk av barnehagar og frå eldresenteret.

– Den yngste var baby og den eldste 87 år, seier ein nøgd Olav Slettebak.