Fylkesrådmannen stoppar rassikring

-Utsetjing av rassikring blir dyrare

Kostnadene ved å utsetje dette prosjektet vil truleg bli større enn det fylket sparar.

  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda til Sunnmøringen etter at fylkesadministrasjonen stoppar dei første anboda av rassikringa av fv 63 mellom Korsmyra i Stranda og Indreeide i Norddal. Dette er ein svært utsett stad om vinteren og isolerer til tider bygda Geiranger. Anboda skulle ifølgje NRK Møre og Romsdal gå ut denne veka, men fylkesrådmannen skuldar på dårleg fylkesøkonomi.

Irritert Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda er irritert over at fylket ikkje har betre oversikt over økonomien.  Foto: Johan Behrentz

Fullfinansiert

Som kjent er det staten som skal fullfinansiere dette prosjektet, men ifølgje assisterande fylkesrådmann Gunn-Randi Seime er det usikkert når desse pengane kjem. I mellomtida må fylket forskottere kostnadene, og det har ein ikkje råd til. Ifølgje ei pressemelding får Møre og Romsdal får knappe 75 millionar kroner til rassikringsarbeid på fylkesvegane i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa legg frem sitt forslag til statsbudsjett for 2019 den 8. oktober, men skriv allereie no i ei pressemelding at om lag to milliardar kroner skal brukast på rassikring av vegane, skriv NRK. Nær 1,1 milliardar kroner går til skredsikring på riksvegane, medan fylkeskommunane får 800 millionar til fylkesvegane.


Vedtok rassikring til Geiranger

Fylkesveg 63 Eidsdal-Geiranger er no inne i økonomiplanen for fylket med 700 millionar kroner og samrøystes vedteke i fylkestinget.

 

Saka frå fylkesrådmannen i Mølre og Romsdal skal opp på fylkestinget i oktober. Som ein skjebnens ironi er dette fylkestinget lagt til Geiranger.

Dyrare å vente

Jan Ove Tryggestad har forståing for at fylket har ein anstrengt økonomi, men det kan langt på veg bli dyrare å vente med denne investeringa.


Fv. 63 Geiranger-Eidsdal:

Open for trafikk


- Det er ikkje Nordøyvegen eller andre prosjekt som stoppar denne anbodsprosessen. Det er rett og sltt fordi fylkesadministrasjonen ikkje har full oversikt over økonomien i fylket. Eg meiner ein kunne handtert denne saka smidigare, seier Jan Ove Tryggestad, som både er skuffa og irritert over at prosjektet blir stoppa.


Sjekk føret på webkamera

Korleis er vegen der du skal dra? Ta ein kikk på tilgjengelege nettkamera.


Hindre turisttrafikk

-Rett nok treng det ikkje bli ein lang stopp, men vona var å kome i gang i løpet av vinteren. No kan ein risikere at det blir mykje arbeid på vegen midt i turistsesongen, seier