SUSTRANS-forsking

– Mindre synsing om Geiranger

– Til no har vi famla i blinde. Endeleg kan vi få målbare fakta som kan hjelpe oss til å ta dei rette avgjerslene om Geiranger.

Stranda-leiing Leiinga frå Stranda kommune var til stades under presentasjonen av forskingsprosjektet SUSTRANS på NTNU i Ålesund onsdag. Frå venstre stipendiat Børge Heggen Johansen, rådmann Åse Elin Hole, kommunalsjef plan og utvikling, Einar Lied, kommuneoverlege Arne Gotteberg og ordførar Jan Ove Tryggestad. 

Nyhende

Det var den umiddelbare kommentaren frå delegasjonen frå Stranda kommune, då stipendiat Børge Heggen Johansen presenterte det treårige forskingsprosjektet SUSTRANS på NTNU i Ålesund onsdag. Målet med det tverrfaglege prosjektet er å få til ei berekraftig utvikling av turisttrafikken. Prosjektet er allereie godt i gang og skal vere avslutta i 2020.



Utvikle modellar

Det unike med prosjektet er at ein tek utgangspunkt i dei problema som allereie er i turistbygder som Geiranger. Ved hjelp kartlegging og utspørjing skal ein «utvikle sjø- og landtransportmodellar for å forstå dagens system og konsekvensane av tiltak», som det heiter i beskrivelsen av prosjektet.