Nominert til Reiselivsprisen 2018

Oscar Almgren frå Uteguiden på ski ned Roalden  Foto: Ole Hjalmar Bonsaksen

Nyhende

Uteguiden AS er ein av tre nominerte til Innovasjon Norge sin Reiselivspris 2018.

Reiselivsprisen vert delt ut årleg til ein person, bedrift eller nettverk som har introdusert ei nyskapande reiseoppleving eller videreutvikla ei eksisterande reiselivsoppleving på ein innovativ måte, skriv Innovasjon Norge om prisen.

Ein jury beståande av leiinga i Innovasjon Norge reiseliv, Virke reiseliv og NHO Reiseliv har plukka ut kandidatane, og no konkurrerer Uteguiden AS med Loen Skylift og Beitostølen resort/Destinasjonskirurgene.

Publikum sine stemmar skal telje to tredjedelar i endeleg avgjerd, og du kan stemme på din favoritt fram til 21. oktober på Innovasjon Norge sine sider.

Vinnaren blir annonsert på den årlege kickoffen til reiselivet i Oslo i november, sjølve prisoverrekkinga skjer på Norwegian Travel Workshop i Ålesund til neste år.

Hovudpremien er på 250.000 kroner - dei andre finalistane får 50.000 kroner kvar.