Stranda-bedrift vann Reiselivsprisen 2018

Oscar Almgren frå Uteguiden på ski ned Roalden  Foto: Ole Hjalmar Bonsaksen

Nyhende

Uteguiden AS var ein av tre nominerte til Innovasjon Norge sin Reiselivspris 2018, og gikk i ettermiddag av med sigeren.

- Dette er den største nasjonale prisen vi kan vinne og er ei utroleg fin stadfesting på det arbeidet vi har gjort dei siste åra, seier ein strålende glad Oscar Almgren, dagleg leiar i Uteguiden umiddelbart etter at vinnaren er kåra onsdag ettermiddag.

Reiselivsprisen vert delt ut årleg til ein person, bedrift eller nettverk som har introdusert ei nyskapande reiseoppleving eller videreutvikla ei eksisterande reiselivsoppleving på ein innovativ måte, skriv Innovasjon Norge om prisen.

Ein jury beståande av leiinga i Innovasjon Norge reiseliv, Virke reiseliv og NHO Reiseliv har plukka ut kandidatane, og Uteguiden AS konkurrerte med Loen Skylift og Beitostølen resort/Destinasjonskirurgene.

I grunngivinga frå juryen, står:

- Uteguiden AS har skapt mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og har verkeleg tatt opplevingar på alvor. Med fokus på berekraft og nøgde kundar, har dei vist stor suksess med å gjere nytte av trendene med auka interesse internasjonal rundt adventure og er føregangsbedrift når det gjeld å fylle naturen med innhald. Dei tilbyr ingen motoriserte aktivitetar, og prøver i størst mogleg grad å minske sitt avtrykk på naturen. Dette, og det at bedrifta på så få år har klart å skape ei sunn heilårsbedrift som gjennom samarbeid sysselsett langt fleire enn sine eigne tilsette gjer at Uteguiden er ein verdig vinnar av reiselivsprisen 2018.

Publikum sine stemmar telte to tredjedelar i den endelege avgjerda.

Hovudpremien er på 250.000 kroner - dei andre finalistane får 50.000 kroner kvar.