Meir spekematsatsing i Stranda

Klart for stor utviding på Ødegård

Perspektivtekning over korleis fabrikken på Ødegård skal sjå ut etter utvidinga.  Foto: Illustrasjon: Grilstad AS

Nyhende

Grilstad har inngått avtale med K. Nordang AS om bygging av eit tilbygg på 2.350 kvadratmeter. Tilbygget skal gi utvida plass til pakkelinjer, og innehalde mdningslager, ekspedisjon, ferdigvarelager og fryseri.

God salsvekst

Spekematprodusenten rapporterer om god salsvekst gjennom fleire år, og treng no større kapasitet.

- Vi satser offensivt på vidare vekst i spekematproduksjonen i Stranda, og får god drahjelp frå kommunen med gode rammevilkår for utbygging av produksjonsanlegget, skriv firmaet i ei pressemelding.

Grilstad overtok tidlegare Tind spekevarer, og kjøpte samtidig Brunstadbutikken. Denne er no seldt til Stranda Eigedomsselskap AS, og gjer at utbygginga til Grilstad blir større enn opphaveleg planlagd.

Rundt 55 millionar kroner er nybygget berekna å koste.

Konsernsjef Odd Arne Dalsegg nyttar høvet til å skryte av dei tilsette i Stranda, både kva gjeld fagkunne og arbeidsmoral.

- Det er hyggeleg å kunne bidra med tryggleik for arbeidsplassar og ringverknader til andre lokale arbeidsplassar gjennom ei slik investering, seier han i pressemeldinga.