Strandar deltek i NM Fitness

Knallhardt treningsregime

Kristine Furset går fysioterapistudiet i Bergen, og har òg oppdrag som personleg trenar.   Foto: Privat

Trening sju dagar i veka med både styrke og kardio må til, det same må eit strengt matregime.   Foto: Privat

Randi Elisabeth Haugen Flydal og Mona Kjølås ved Bjørnestien Frisør i Stranda bidro til hårpleie i samband med NM. 

Utetrening har det ikkje vore mykje høve til med den våte hausten sålangt, men av og til er det opphald til og med i Stranda.  Foto: Privat

Nyhende

Kristin Furset frå Stranda deltek i helga i NM i Fitness som går føre seg i Oslo konserthus.

Beinhard trening

Ho er meldt opp i både junior- og seniorklassa denne gong, og fortel om ein beinhard prosess for å kome seg dit.

- Eg trener to gonger om dagen, sju dager i veka. Styrke, og ein time kardio, fortel ho. I tillegg går ho på ein strikt matplan.

- Fitness kan minne om kroppsbygging, det handlar om musklar og å ha den rette symmetrien i kroppen, seier ho.

Ho er fysioterapi-student i Bergen samt personleg trenar, så trening er definitivt ein av hennar hjartesaker.

- Eg liker å pushe grenser, og jobbe mot eit mål. Å sjå på korleis kroppen utviklar seg med å ete riktig og trene mykje er ganske fascinerande, seier ho.

Travle dagar

Det er travle dagar, og å kome på toppen i fitness er ikkje enkelt.

- Mange dett av, for det krev mykje og hardt arbeid. Du skal vere sterk mentalt. Det er ein god del fordommar rundt fitness, så eg vil gjerne få fram kor hardt du må jobbe for å lukkast. Det er ikkje berre "å sjå bra ut", du skal jobbe knallhardt for å få kroppen opp på eit nivå som gjer at du hevdar deg i konkurransen, seier ho.

I oppkøyringa til konkurranser er det ikkje snakk om "ein liten bit sjokolade".

- Nei, eg må følge matplanen strengt og tek med meg mat når eg er på ulike arrangement, seier Furset.

Men når konkurransen er over, då er Furset veldig klar på kva ho ønsker å skeie ut med.

- Mamma sine kanelbollar! Du aner ikkje kor mykje eg gler meg til desse, skrattar ho.

Håper på finaleplass

Furset deltok første gong i NM i Fitness då ho var sytten år, og tjueåringen hadde ein pause i to år etterpå.

- Målet no er å kome til finalen. Eg kom til semifinalen sist, men då var eg meldt opp i feil klasse og konkurrerte mot deltakarar som var mykje eldre enn meg. No er eg meldt opp både i junior og i senior, seier ho.

I førebuingane til NM møtte vi Furset på Bjørnestien frisør, der ho fekk profesjonell hjelp til hårpleie.

- Det er utruleg kjekt å bli spurt, og sjølvsagt heier vi på Kristine, smiler frisør Mona Kjølås.

- Vi må heie fram strandarane, seier ho og dagleg leiar Randi Elisabeth Haugen Flydal.

To og ein halv time i stolen måtte til.

- Det vi gjer, er at vi understrekar det som allereie er der slik at når Kristine står under lyset i konserthuset då kjem alle dei naturlege fargene hennar i håret skikkeleg fram, seier Kjølås.

Furset seier seg veldig nøgd med resultatet.

- Kjempebra, smilar ho.