To mista lappen

Nyhende

To menn i trettiåra frå Stranda er meldt til politiet etter å ha køyrt bil i ruspåvirka tilstand og har fått førarkortet kverrsett.

Dette melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Litt over klokka elleve fredag kveld vart den første mannen stoppa, og vedkommande vart meldt for ruskøyring.

Klokka halv ett natt til laurdag vart mannn nummer to stogga, mistenkt for ruskøyring. Han vart òg meldt til politiet.