Vil utarbeide uteområde

Pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter søker Stranda kommune om 150.000 kroner.

Møteplass: Planlegg opparbeidd uteområde ved omsorgsenteret.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Pengane skal nyttast til grunnarbeid for tilkomst og gangstiar med grus, asfalt og eventuell framføring av straum.

Foreininga fekk 4. mai i år eigengodkjent opparbeiding av uteområdet ved omsorgssenteret. Målet for arbeidet er å skape eit inviterande, aktiviserande og trygt område for bebuarane. Området kan også vere ein sosial møteplass der bebuarane kan møte andre grupper frå lokalsamfunnet.

I samband med opparbeiding av gangstiar ligg det godt til rette for kommunen å sluttføre arbeidet med naudstraum frå aggregatet til ei frittståande bueiningane A, B og C.

Pårørandeforeininga samarbeider med fleire lag i Sunnylven om tiltaket, deriblant Sunnylven pensjonistlag.

Omsorgssenteret fekk nyleg sett opp nye markiser, som Sunnylven pensjonistlag ga i gåve til omsorgssenteret med bidrag frå Gjensidigestiftinga.